Hopp til hovedinnhold

Hva leter du etter?

Prøv å søke etter…

Kom i gang

Fleire tema

Lær korleis du har fleire tema i same prosjekt.

Oppdatert 20. oktober 2026

Det er mogleg å ha fleire tema i same prosjekt dersom du bruker ei config-fil. Under går vi gjennom to måtar å gjere det på.

Denne sida føreset at du har lese "Bygg ditt tema".

Same fargenamn

Dersom du har to tema som skal bytast mellom i eitt og same grensesnitt, må du bruke same fargenamn i begge tema. Då kan du legge begge inn i éi config-fil, som genererer to CSS-filer, éi per tema.

Til dømes:

Du kan validere config-fila i temabyggaren. Klikk Importer config og lim inn config-fila.

Ulike fargenamn

Dersom temaa har ulike fargenamn, kan dei ikkje liggje i same config-fil. CLI-et godtek det ikkje, og Figma kan ikkje byte mellom dei med modes på grunn av avgrensingar i korleis Figma handterer modes. I dette tilfellet må du lage éi config-fil for kvart tema, og køyre kommandoen éin gong for kvar config-fil.

Det er vanleg å måtte gjere det slik dersom du har eit repository som samlar alle temaa for fleire merkevarer.

some-org.config.json:

other-org.config.json:

Køyr dei etter kvarandre:

Legg merke til at vi har ulike output-mapper i dei to config-filene, slik at CSS-en for kvart tema blir lagd i si eiga mappe.

Rediger denne siden på github.com (åpnes i ny fane)