Hopp til hovedinnhold

Komponenter

Badge

Badge er ein ikkje-interaktiv komponent som viser status med eller utan tal. Bruk Tag dersom du skal ha tekst i staden for tal.

Bruk Badge når

  • det er tal som viser antall nye meldingar, varsel eller oppgåver
  • du skal formulere statusindikatorar i form av ein sirkel, som for eksempel viser om ein person er opptatt, borte eller aktiv

Unngå Badge når

  • det trengs tekst, bruk Tag i staden
  • det trengs interaktive handlingar, bruk Chip eller Button i staden

Eksempel

Fargar og variantar

Alle fargane som er i temaet ditt kan brukast på Badge. Komponenten kjem i to variantar: base og tinted.

Kombinasjonar

Badge kan plasserast ved sida av anna tekst eller komponentar.

Flytande

Badge kan plasserast flytande over andre element.

Utan tekst inni

Badge kan brukast utan tekst inni, men då må han ha tilhøyrande tekst ved sidan av. Informasjon skal ikkje berre kommuniserast med farge eller form.1

Retningslinjer

Bruk Badge for å trekkje merksemd mot statusar, varslar eller tal.

Tekst

Denne komponenten er ikkje meint for tekst. Viss du treng å vise ord eller korte frasar, bør du heller bruke Tag.

Relevante kilder

Rediger denne siden på github.com (åpnes i ny fane)