Grunnleggende
Fleire tema
Lær korleis du har fleire tema i same prosjekt.
Det er mogleg å ha fleire tema i same prosjekt dersom du bruker config fil. Under vil vi gå gjennom to måter å gjere det på.
Denne sida føreset at du har lest "Bygg ditt tema".
Same fargenavn
Dersom du har to tema som skal bytast mellom i eit og same grensesnitt, vil du nok bruke same fargenamn i begge tema. Dette betyr at du kan legge begge inn i èi config fil, og få ut design tokens som kan bytast mellom i Figma, og som genererer to CSS-filer.
Config fila over blir ikkje generert frå temabyggaren, og det er lurt å ha med seg ein utviklar i prosessen når ein lagar slike config filer.
Det er mogleg å validere config fila i temabyggaren. Bruk knappen "Fortsett fra konfigurasjonsfil" på framsida. Denne valideringen vil ikkje gi deg feil dersom fargenamna er ulike, så det er viktig å dobbeltsjekke dette manuelt.
Ulike fargenamn
Dersom du har ulike fargenamn vil ikkje dette funke i design tokens og Figma. I dette tilfellet må du lage to config filer, ein for kvart tema. Du kan då køyre bygg-kommandoen to gonger, ein gong for kvar config fil.
Det er vanleg å måtte gjere det på denne måten dersom du har eit repository som samlar alle design tokens og CSS for fleire applikasjonar.
Legg merke til at me har ulik outDir i desse to config filene, slik at design tokens for kvart tema blir lagt i kvar si mappe.