HelpText blir fjerna, kva gjer du?
Me fjernar HelpText frå Designsystemet. Kvifor, og kva gjer du om du fortsatt vil bruke den?

Designsystemet fjernar HelpText, dette betyr at den ikkje blir med i versjon 1.
Kvifor gjer me dette? Og kva gjer du dersom du fortsatt bruker den?
Nederst i artikkelen finn du kode for å implementere denne komponenten sjølv.
Kvifor fjernar me HelpText?
Det har vore ein utfordrande komponent å anbefale konsekvent, og fleire faktorar tilseier at den ikkje passar i Designsystemet:
- Enkel å implementere sjølv:
HelpTexter i praksis ein popover knytt til ein knapp, noko som lett kan lagast med ein kort css-snutt og eksisterande komponentar. - Uklart bruksområde: Me har ikkje klare anbefalingar for når og korleis hjelpetekst bør visast, og komponenten kan dermed lett bli brukt feil.
- Uvanleg i designsystem: Få designsystem inkluderer ein dedikert
HelpText-komponent, nettopp fordi hjelpetekst varierer stort i form og kontekst. - Avgrensar fleksibilitet: Å tilby
HelpTextsom ein standard popover skaper forventingar om at hjelpetekst alltid skal visast på denne måten. Det finst fleire løysingar som er betre eigna i ulike situasjonar.
Kva gjer du dersom du fortsatt bruker den?
Dersom du har brukt HelpText, finn du nederst i artikkelen ein kode-snutt som viser korleis du kan implementere funksjonaliteten sjølv.
Denne løysinga gjer deg fridom til å tilpasse hjelpetekst etter dine behov.
Vidare arbeid
Me jobbar med å avklare når og korleis hjelpetekst bør integrerast i grensesnitt, og ser fram til å kunne tilby meir presise anbefalingar i framtida. Det vil etter kvart kome eit mønster for ulike typar hjelpetekst.
Kode
Koden under kan du bruke for å komponere din eigen HelpText-komponent.
CSS-snutten inkluderer ikon, klassen legger du på Popover.Trigger.
CSS
Markup
Satt saman
I denne CodeSandboxen kan du sjå korleis du sett kodesnuttane over saman.