Hopp til hovedinnhold

@digdir/designsystemet-web prerelease 1

Første prerelease av @digdir/designsystemet-web pakken, som gir muligheit for å bruke Designsystemet utan React.

Designsystemet21. januar 2026

Første prerelease av @digdir/designsystemet-web pakken
Første prerelease av @digdir/designsystemet-web pakken
Klikk på bildet eller trykk Escape for å lukke

Me er glade for at arbeidet endelig er i gang, og er no på jakt etter fortløpande tilbakemeldingar. I dette blogginnlegget vil me gå over komponentar som har blitt endra på, og korleis du kan teste.

Alle @digdir/designsystemet-* pakkar kan du installere med versjon 0.0.0-fix-designsystemet-web-20260121152531.

Alle prereleasar vil også vere under test taggen på NPM.

Teste i eksisterande applikasjon

Me har oppdatert React-pakken til å bruke @digdir/designsystemet-web som underliggande rammeverkuavhengig komponentbibliotek. Dette betyr at nokre komponentar som i dag er implementert i React, kan opplevast annleis sidan dei no kjem frå web-pakken. Gjerne test desse og kom med tilbakemeldingar.

Desse er:

Teste i andre rammeverk eller rein HTML/JS

For å teste pakken utan React kan du installere @digdir/designsystemet-web og @digdir/designsystemet-css i ditt prosjekt. Deretter brukar du komponentane og funksjonaliteten direkte.

Me genererer endå ikkje rammeverkspesifikke typar.

Dokumentasjon

Dokumentasjonen vil fortløpande bli endra i README for pakken, den kan du lese på NPM. Når fullstendig release av pakken er ute, vil me oppdatere relevant dokumentasjon på designsystemet.no.

Gi tilbakemelding

Me er veldig interessert i å høyre frå deg som brukar! Dersom du oppdagar feil, eller har forslag til forbetringar, kan du opprette sak i GitHub repoet vårt eller på Slack.

Designsystemet logo

Bidragsytere

Tobias BarsnesEirik Backer

Vil du skrive for bloggen?

Har du noe du ønsker å dele med andre i fellesskapet? Kontakt oss på Slack eller via e-post